Analytikar ventar skyhøge kraftprisar heile vinteren

Folk må førebu seg på at dei høge straumprisane vil vare heile vinteren, meiner kraftanalytikar Tor Lilleholt. Allereie til veka ventar truleg nye pris- rekordar.

Høge straumprisar gjennom vinteren: Høgspentleidning på den såkalla Vinstralinja i Lillomarka i Nittedal. Kraftleidninga går fra Vinstra i Gudbrandsdalen til Oslo.  Foto: Paul Kleiven/NTN/NPK

Nyhende

– Prisen til sluttbrukar, då avgifter, moms og alt dette er teke med, kjem i gjennomsnitt til å liggje over to kroner kilowattimen vinteren igjennom. Vi kjem òg til å få veker då prisane vil liggje langt over og under dette, seier kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt til NTB.