Vil vidareføre tredelt ferieavvikling

Ordninga med tredelt ferieavvikling i helse og omsorgssektoren i Herøy er føreslått vidareført av kommunedirektøren.

Blir ein tøff prosess: Kommunedirektøren i Herøy, Trond Arne Aglen meiner ordninga med tredelt ferieavvikling i helse og omsorgsektoren sparar kommunen for pengar og sikrar tilstrekkeleg fagkompetanse i feriane.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik/arkiv

Nyhende

Kommunestyret i Herøy vedtok i fjor å innføre tredelt ferieavvikling for tilsette i helse og omsorgssektoren – dette for å spare pengar og sikre tilstrekkeleg fagkompetanse i feriane. No er evalueringa av ordninga klar.