Larsnes Sogelag har gitt ut bakebok basert på bakar Reidar Haugen sine oppskrifter:

– Bakeriet var ein lokal institusjon

Smakar frå fortida. Det er det Larsnes Sogelag kan by på i ei nyleg gitt ut bakebok som ein engasjert dugnadsgjeng har arbeida fram. Oppskriftene kjem frå bakar Reidar og kona Bergljot Haugen som i ei årrekkje dreiv Larsnes Elektriske Bakeri.

Sty­ret i Lars­nes So­ge­lag: Lars­nes So­ge­lag har gitt ut bake­boka med alle opp­skrif­te­ne til Rei­dar Haugen. F.v. bak: Dor­the Nordahl, Stei­nar Sko­ge, Gun­nar Ind­re­søv­de, Mar­te Sto­re­gjer­de og Rune Slet­te­støl. Fram­me frå venst­re ser vi Hil­de Bru­ne Ny­støyl og Sol­run Slet­te­støl.  Foto: Privat

Nyhende

– Bakeriet deira var ein lokal institusjon og eit viktig innslag i bygda. Det var ein møteplass der folk samla seg. Mange hugsar korleis det såg ut inne i bakeriet, for ikkje å nemne dei gode smakane. Baksten deira vart også distribuert på tvers av kommunegrensene, så det er nok ikkje berre sandssokningane som kjende til den smakfulle baksten deira.