Inspirerande Gursken-konferanse

Jan Åge Fjørtoft inviterte inn til Gursken-konferansen 2021 på Thon Hotel Fosnavåg med eit solid program av innhald og gjestar som stod i stil med årets tema «Høge mål – jobbe hardt».

Dei lokale bidragsytarane: Bak frå venstre Bjørn Prytz, Jan Åge Fjørtoft, Linda Rafteseth Grimstad, Olav Myklebust, Svein Gjelseth, Annelise Chapman, Hege Longva.  Foto: Steffen Helsem Kvalsund

Nyhende

– Denne konferansen handlar ikkje om å romantisere ei svunnen tid, men vi skal bli inspirert av vår historie. I idretten er ein flink til å ha idol, men i næringslivet er vi ikkje flinke til å få fram dei som skaper arbeidsplassane. Det er dei som er dei store idola.