Yoga Hjertemot etablerer seg i Fosnavåg:

Har opna eige yogastudio

Då Kristin tok eit kurs innan terapeutisk yoga i 2018, var det for å finne ut korleis ho kunne få det betre resten av livet. Så oppdaga ho noko som gjorde at ho berre måtte bli instruktør.

Vel­kom­men inn: Et­ter ein lang jakt på pas­san­de lo­ka­le, fann om­si­der dri­var Kris­tin R. Gjerde, ein hø­ve­leg plass i same bygg som Val­aker i Fos­na­våg, og i slut­ten av ok­to­ber opna Yoga Hjertemot eige yoga­stu­dio.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Det første vi legg merke til i det vi tek steget inn i Yoga Hjertemot sitt studio i Fosnavåg er lukta. Dufta frå dei eteriske oljene på det vesle settebordet att med den eine veggen sniker seg inn i hjernen via nasebora og legg igjen ei kjensle av velvære. Ein brøkdel av eit sekund seinare får vi auge på dei levande lysa rundt omkring på golvet i det elles mørklagde rommet, samtidig som øyra tek inn dempa, rolege tonar frå ein liten, raud Bluetooth-høgtalar. Stemninga har umiddelbar effekt på dei høge skuldrene våre, som endeleg søkker vekk frå øyra.