Sjå Gurskenkonferansen 2021 her - direkte klokka 17:00

(HerøyLAN melder om tekniske utfordringar med sendinga. Dei jobbar med å fikse problemet. Det blir gjort opptak av konferansen og det blir tilgjengeleg etter kvart)
Nyhende


For å nå ut til flest mogleg vert Jan Åge Fjørtoft sin konferanse på konserthuset streama også i år. Sendinga ser de her:

– I fjor var det pandemien som førte til at vi valde å direktesende han, i nært samarbeid med Herøy-LAN og Thon Hotell Fosnavåg, og med Vestlandsnytt som ein god samarbeidspartnar. Vi har valt å gjere det slik i år også. Gjengen i Herøy-LAN symboliserer mykje av det vi skal snakke om i år, ung skaparkraft, seier Fjørtoft.

Årets hovudinnleiar er tidlegare statsråd Ine Marie Eriksen Søreide, som vil dele litt av erfaringane i den internasjonale politikken. I tillegg vert det også fleire innleiarar som skal snakke om innovasjon og næring, med lokale og regionale briller på.

– Vi har framleis ledige plassar på konserthuset. Dei vil få noko litt meir enn dei som ser det på skjerm, for her kan vi by på atmosfære, sveler og kaffi, seier Jan Åge Fjørtoft.

Han seier fjorårets konferanse vart ein stor suksess med mange tilhøyrarar, og håpar og trur det vil gjenta seg i år. Han minner også om at konferansen er, noko både sunnmøringar og andre likar; gratis!

Konferansen vert streama på våre nettsider.