"Brannfakkel frå Pettersen og Langvatn"

Oppgitt: John Normann Pettersen og Tore Langvatn er uroa for det førebyggande arbeidet, sidan det mildt sagt er smått med tilbakemeldingar frå etterforskinga når det har vore brann. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik 

Nyhende

I dagens avis kjem det eit innspel vi bør merke oss når det gjeld brannførebyggande arbeid. Leiar John Normann Pettersen i Herøy brann og redning, saman med brannsjef Tore Langvatn meiner det er ille at dei aller fleste brannar endar opp med «ukjend brannårsak» i statistikken. Både nasjonalt og lokalt har vi sett mange – altfor mange meiner dei fleste i fagmiljøet – brannar som rett og slett manglar brannårsak.


– Altfor mange brannar, lokalt og nasjonalt, hamnar i dag i kategoriane «ukjent brannårsak» eller «ikkje innrapportert»

Brannsjefen og leiar for førebyggande i Herøy brann og redning ropar eit varsku om ein trend dei meiner må snu om ein skal kunne drive betre førebyggande arbeid og styrke beredskapen i brannvesenet.


Talet på oppklarte brannårsaker før 2010 var oppsiktsvekkjande mykje høgre enn vi har sett dei seinaste ti-tolv åra. Dette kan umogleg skuldast at brannane etter 2010 har blitt så mykje meir innfløkte å oppklare enn tilfellet var tidlegare. Det må difor eit nasjonalt lyft på plass for å styrke og samordne ressursane til brannetterforsking. Gjennom å sikre årsakssamanheng er det nemleg ein direkte link til det førebyggande arbeidet. Veit ein nærare korleis og kvifor brannar startar, vert det lettare å rette innsatsen dit ein skal og bør.

Pettersen og Langvatn set også ord på frustrasjonen. Dei fortel at brannvesenet møter opp gjer jobben, vert tekne inn til avhøyr og deretter ikkje høyrer noko meir. Om det kjem opplysingar om brannårsak, må dei lese om det i avisa.

Det er synd at det ikkje er betre tverrsektoriell utveksling av informasjon enn dette. For utanforståande er det rett og slett oppsiktsvekkjande at brannvesenet nærast vert plasserte på sidelinja, i ei tid då samhandling er eit nøkkelord i nær sagt alle offentlege samanhengar. På same tid er det gledeleg å registrere at vår eigen politistasjonssjef er open for ein tettare dialog og meir samarbeid på dette feltet. Vi er alle tente med at viktige instansar som politi og brannvesen samhandlar til det beste for oss dei faktisk tener. Dette verkar – sagt litt diplomatisk – som eit felt der det er store moglegheiter for betring.