Smitteutbrotet i Sande:

Smittesporinga held fram i Sande - 5 nye smitta

Fem nye smittetilfeller er stadfesta etter PCR-testar.

Covid-19  Foto: Illustrasjon

Nyhende

Tre av dei som er stadfesta smitta med Covid-19-viruset er arbeidarar ved Myklebust verft. Alle er i isolasjon.

I tillegg er ytterlagere to personar stadfesta smitta i Sande etter PCR-test torsdag.

Den eine er elev ved Gursken oppvekstsenter.

-Smittekjelda er utbrot ved Myklebust verft.. Nærkontaktar har fått tilbod om testing i dag, heiter det i pressemeldinga frå Sande kommune.

I det andre tilfellet er det snakk om importsmitte frå utlandet. Personen er sett i isolasjon.

- Smittesporing er fullført. Mange er testa på legesenteret fredag, og mange har fått med seg sjølvtestar for vidare overvåking i heimen dei komande dagane, opplyser kommunen.


Mange smitta i Sande denne veka

Totalt 78 personar er smitta i samband med utbrotet ved Myklebust verft.