Mange smitta i Sande denne veka

Totalt 78 personar er smitta i samband med utbrotet ved Myklebust verft.

Talet på dei smitta etter smitteutbrotet ved Myklebust verft er no kome opp i 78. Talet på nye smitta per dag går heldigvis ned, opplyser kommuneoverlegen. 

Nyhende

Det opplyser Sande kommune i ei pressemelding.

To av dei smitta er ikkje tilsette ved verftet, men har tilknytning dit. Samtlege smitta sit i isolasjon.

Kommuneoverlegen opplyser at tala på nye smitta per dag ved verftet går ned.

- Myklebust verft har teke situasjonen på største alvor og innført strengare reglar på arbeidsplassen enn det retningslinjene seier. Kvar tilsett vert testa kvar dag med hurtigtest for eventuelt å avdekke smitte. Kommuneleiinga og kommuneoverlegen fylgjer situasjonen tett - og vurderer fortløpande det som skjer, heiter det frå kommunen.


70 smitta: Massetesting gir leiinga oversikt over situasjonen

Smitteutbrotet ved Myklebust Verft var torsdag kome opp i 70 registrerte smitta. Rundt ein tredjedel av desse er bedrifta sine eigne tilsette, resten tilsete ved underleverandørar.


- Viønsker sjølvsagt at alle er merksame og gjer gode vurderingar på korleis ein opptrer i Sandesamfunnet i denne situasjonen.

Det blir heile tida gjort risikovurderingar i pleie og omsorgssektoren i høve til å gi trygg og god pleie til dei som treng det. Såleis også i denne situasjonen. Omsorgssenteret er ope for alle, men vil ha besøk berre om du er heilt frisk, heiter det i pressemeldinga.


Utbrotet i Sande:

Sileikiene: - Viktig å ikkje bagatellisere situasjonen!

Kommuneoverlegen i Sande ber kommunen og folket i Sande om å ta koronautbrotet på største alvor.