Gratis inngang til nabodyst og mykje moro på Havila stadion

Bergsøy Fotball feirar fredag gjenopninga av idretten – og landet – med gratis inngang på 4.-divisjonskampen mot lokalrival Hødd 2.

Havila stadion Fosnavåg: Her vert det ekstra mykje åtgaum fredag kveld, når heimelaget sine utvalde tek imot Hødd 2. Ein har alliert seg med sine sponsorar til «kronekampen», og i praksis er det sponsorane som betalar for billetten denne gongen. Det vert også diverse aktivitetar for born og ungdom. Arkivfoto: Bjørnar Torvholm Sævik  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Vi stiller eit svært så slagkraftig lag, og gler oss til kampen mot Hødd

Magnus Myklebust
Nyhende

– Sist vi hadde ein slik «kronekamp», som vi kallar det, var i 2019 heime mot Larsnes/Gursken. Når vi no har att to heimekampar etter gjenopninga, var det fornuftig å legge arrangementet til nabodysten mot Hødd 2, seier Magnus Myklebust i Bergsøy Fotball.