25 smitta sidan førre fredag:

Dette seier verfts- og kommuneleiinga om utbrotet

Sidan førre fredag har til saman 25 personar blitt bekrefta smitta av covid-19 i Sande. Utbrotet er knytt til Myklebust Verft i Gursken.

Stort utbrot: 25 personar i tilknyting til Myklebust Verft har fått påvist covid-19 den siste veka.  Foto: Endre Vorren (arkiv)

Nyhende

- Dette er nok det største utbrotet hittil i Sande kommune. Det er alvorleg, fortel kommunedirektør Anders Hammer til Vestlandsnytt fredag ettermiddag.