Samrøystes for Sande fastlandssamband

  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Fylkesutvalet ser positivt på at det blir gjennomført seismiske undersøkingar som ein del av avgjerdsgrunnlaget for om ein skal gå vidare med Sande fastlandssamband. Gjennom ei samrøystes tilråding blir fylkestinget bede om å sette av inntil fire millionar kroner i økonomiplanen for gjennomføring av undersøkingane.