Leiar:

Frp-bastionen Ytre Søre Sunnmøre

Frank Sve skal på tinget for eit Frp som gjorde eit brakval i Møre og Romsdal: – Dei er – sett litt på spissen – valde inn av folket i havgapet, skriv redaktør Endre Vorren i denne leiaren. 

Nyhende

Vi får gratulere dei raudgrøne med eit valresultat som vil resultere i regjeringsskifte. Mest truleg vert det ei fleirtalsregjering med Ap, Sp og SV. På same tid er det på sin plass å rose Frp med å halde den knallsterke posisjonen partiet har ved stortingsval her i distriktet.

Rundt rekna ein tredjedel av dei røystande frå Herøy, Sande og Vanylven la Frp-setelen i valurna i år. Det er om lag på same nivå som ved førre korsveg, i 2017.

Frp har opparbeidd seg ein svært sterk posisjon mellom veljarane på Nordvestlandet, og særskilt heilt ute ved kysten.

Ser ein bakover, har det skjedd store endringar i preferansane til lokale veljarar. Gjennom heile etterkrigstida, og langt inn i nyare tid, var Venstre mellom dei mest populære partia i vår del av landet.

KrF tok over posisjonen som veljarfavoritt nummer éin, og held stoda lenger enn folk kanskje trur. Så nyleg som ved stortingsvalet i 2001 var KrF klar valvinnar i Herøy og Sande, før nedturen starta.

I dag er KrF nærast utradert frå den rikspolitiske agendaen, og er under sperregrensa. Venstre kom over grensa igjen, men er til liks med KrF redusert til eit miniparti.

Lena Landsverk Sande hadde eit håp om å kome inn som eitt av utjamningsmandata frå Venstre, men nådde ikkje opp. Dermed er det ingen representantar frå det folkerike Søre Sunnmøre på tinget i den komande fireårsperioden.

Det er eit alvorleg tankekors at vi står utan politikarar som kan tale vår sak på tinget. Håpet må vere at lokale partigrupper har god kontakt oppover i sine respektive organ.

Vi minner om at Herøy og Sande har ordførarar frå høvesvis Ap og Sp. På same tid har vi sterke opposisjonspolitikarar i sunnmøringane Listhaug og Sve. Dei er – sett litt på spissen – valde inn av folket i havgapet.