Statlege arbeidsplassar framleis i fare:

– Skuffa over labert engasjement lokalt

I juni kunne Vestlandsnytt avdekke at det vert jobba for ei flytting av helseføretaket sin ambulante seksjon frå Myrvåg til Volda. Sidan då har saka teke eit par steg vidare.

Elisabeth Kirkholm: Saman med dei to andre plasstillitsvalde ved ambulant team, Rusann Rafteseth og Bjørnar Rovde, har ho levert eit tydeleg innspel til arbeidet som no går føre seg i helseføretaket og som kan ende med at ambulant seksjon vert flytta til Volda.  Foto: Endre Vorren (arkiv)

Eg er spesielt skuffa over at Herøy kommune ikkje engasjerer seg meir

Elisabeth Kirkholm
Nyhende

Saka omhandlar ei teneste som ikkje berre er lokalisert i eit geografisk midtpunkt på Søre. Det gjeld også tretti statlege arbeidsplassar som står på spel for ytre Søre.