40 år med blomster: - Hadde nok tatt det same valet i dag

Feirar 40 år: 16. september er det 40 år sidan Blomsterstua Arlen – eller «Fosnavåg Blomster» som det heitte den gongen – opna dørene for første gong. Her ser vi eigar og dagleg leiar Arlen Kvalsund (til høgre) og Lise Kvalsund som har vore tilsett i bedrifta i heile 30 år.   Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Arlen Kvalsund og hennar trufaste tilsette gjennom 30 år, Lise Kvalsund, har hendene fulle av levande, velduftande fargar då Vestlandsnytt kjem inn i butikklokalet fredag ettermiddag. På disken framfor dei flyt eit hav av grøne plantar; komponentar til bukettane dei er i ferd med å setje saman.