Beklagar at vallokale vart "omringa" av asfaltarbeid

Byggeleiaren i fylkeskommunen seier det er beklageleg at vallokalet ved Einedalen skule måndag vart tidvis innesperra på grunn av asfalteringsarbeid.

Ledebil og røysting: Slik var situasjonen ved det relativt store vallokalet i Einedalen på valdagen.  Foto: Svein Rune Smådal / røystestyret

Nyhende

- Dette burde vi ha planlagt betre. Vi burde ha teke høgde for at det var valdag, og skulle i staden ha gjort denne jobben ein annan dag, seier Leif-Olav Brandt i fylkeskomunen til Vestlandsnytt. Han er byggeleiar for asfalt på Sunnmøre.