Jan Åge sin fotballskule tilbake, byr på super-showkamp

9. oktober vert det gjensyn med Jan Åge Fjørtoft fotballskule. Prikken over i-en vert ein heilt spesiell showkamp.

Lokalpatriot: Jan Åge Fjørtoft har opp gjennom åra stadig kome tilbake til heimtraktene for ulike arrangement og initiativ. Her frå 2019, då han opna Kong Arthur-spelet.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik - arkiv

Nyhende

– Fotballskulen skal vere eit lågterskeltilbod for born her i regionen. Det vert gratis, og målgruppa er dei mellom seks og tolv år, fortel Jan Åge Fjørtoft.