Etterlyser talerøyr for næringslivet

På møtet mellom kommunen og næringslivet i Herøy sist veke vart det teke verbalt initiativ til meir samarbeid.

Aglen: Kommunedirektøren saknar eit tydleg talerøyr for næringslivet.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Under møtet vart det frå kommuneadministrasjonen løfta fram noko dei ser på som ei utfordring i deira arbeid med å skulle tilpasse framlegg inn mot næringslivet sine interesser. Kven skal dei snakke med for å i best mogleg grad kunne kjenne seg trygge på at interessene til eit samla næringsliv er varetekne?