LEIAR

Når bankane driv distriktspolitikk

Tomta er peika ut: På idylliske Voksa har Mira Martine Gjerde og sambuaren Marcel Bolzli allereie førehandstinga seg ei fin tomt med både morgon- og kveldssol. Sparebank1 Søre Sunnmøre såg litt forbi "områdefaktoren" og sikrar paret finansiering av bygging og huslån.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Riksmedia omtalar for tida fleire tilfelle der stortingspolitikarar meir eller mindre har juksa seg til særordningar når det gjeld husleige, sjølvsagt kosta av skattebetalarane. Moralen mellom våre fremste folkevalde er – som mellom folk flest – høgst variabel.

I mellomtida har Vestlandsnytt skrive om eit ungt par som har kjempa mot finansinstitusjonar. Ho og han er i fast arbeid, og har spart seg opp pengar til å møte framtida. Då dei ville bygge hus, fekk dei bakoversveis av krava frå lokale bankar: Oppimot 50 prosent eigenkapital.


Mira og Marcel stanga lenge mot veggen:

Vart møtt av sjokk-krav til eigenkapital

Mira og Marcel vil byggje seg hus. Men eigne reglar for utkantar – når det gjeld finansiering – vart eit regelrett sjokk for det unge paret.


Bankane syner til sine eigne retningslinjer og utrekningsmodellar. Dei reduserer verdien på eit nybygg i utkanten og tek dessutan omsyn til historiske sal av eigedomar i same området. Alt saman er ein del av ei risikovurdering som gjer det til eit trongt nålauge å få byggelån. I dette tilfellet var det heldigvis ein lokal bank som tok skeia i eigne hender og vurderte søknaden utan å trekke inn eit audemarkstilegg.

At postadresse skal avgjere om folk får lån er diskriminerande. Ja, det er meir risiko for ein bank å yte lån i tynt busette strok enn på stadar der det er rift om tomter og eigedomar. Det er ikkje noko nytt. Men at finansinstitusjonane i slik grad som no skal styre distriktspolitikken og, sett på spissen, velje kvar folk skal bu eller helst ikkje skal bu, det er både skremmande og feil.

Fleire slike saker burde ha vore tema i valkampen. Altså konkrete døme på reglar – kall det gjerne politikk, for det er det dette faktisk er – som indirekte nedprioriterer enkelte folk og område. Vi snur litt på det:

Kva med å nekte Oslo-folk helseforsikring fordi det er så mykje luftforureining der? ville det ha blitt ramaskrik.