Coop ryddar Noreg står for døra:

Inviterer til miljødugnad

Frå 11. til 19. september vert ryddeaksjonen Coop ryddar Noreg arrangert. Extra Fosnavåg og tre andre Coop-butikkar i Herøy og Sande inviterer til miljødugnad.

Ser fram til å treffe frivillige: Assisterande butikksjef ved Extra Fosnavåg, Lise Grethe Søvik Huldal, er klar for Coop ryddar Noreg. I butikken har dei hanskar og plastsekkar til dei som ynskjer å delta på aksjonen som byrjar laurdag.  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

Målet med ryddeaksjonen Coop ryddar Noreg er å mobilisere for å bidra til å løyse eitt av verdas største miljøproblem, plastforsøpling i naturen, skriv Coop på sine nettsider. Extra Fosnavåg er ein av butikkane som er med i årets aksjon.