Låg valdeltaking på Herøy VGS:

Frp den store vinnaren i skulevalet lokalt

Tysdag 7. september gjekk årets skuleval av stabelen. Lokalt vart Frp den store valvinnaren. Partiet fekk heile 63,5% av røystene ved Herøy vgs og 32,5% ved Ulstein vgs. Men i Herøy røysta berre ein tredel av elevane.

Skuleval: Frp vart den store valvinnaren ved Herøy vgs tysdag. Men valdeltakinga var rekordlåg.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik (arkivfoto)

Nyhende

Årets skuleval er over og resultatet er god lesnad for Framstegspartiet. Dei fekk klart høgast oppslutnad både ved Herøy og Ulstein vgs. Og i Møre og Romsdal samla fekk partiet 28,8% av røystene.