Tre nye smitta i Herøy

Det er laurdag meldt at tre personar busette i Herøy har testa positivt for covid-19 ved testar tekne fredag 3. september.

Korona , Covid-19 

Nyhende

Det skriv Herøy kommune i ei pressemelding.

Eit av smittetilfella er knytt til eit tidlegare påvist tilfelle ved Ytre Herøy ungdomsskule. Personen var allereie sett i karantene og det er ikkje fleire nærkontaktar.

- Tilfelle nummer to er knytt til eit pågåande utbrot ved ei bedrift. Personen var sett i karantene og det er ikkje fleire nærkontaktar. Det er ikkje funne fleire positive testar ved denne bedrifta i den smittesporingstestinga som vart gjort av alle tilsette i går. Vi håpar at dette utbrotet no er stansa, seier kommuneoverlegen.

I det siste tilfellet er smittevegen så langt ikkje heilt avklara, seier kommuneoverlegen. Det pågår no smittesporing og identifisering av nærkontaktar der samarbeid med bedrifta der personen arbeider står sentralt. Det vert gjennomført karantenesetting og testing av identifiserte nærkontaktar.

Det er i dag gjennomført "testing for karantene», test nr 2, for to klasser på 9. trinn YHU og elevar ved Nerlandsøy skule.

- Alle desse testane var negative også i dag, seier ein litt letta kommuneoverlege til slutt.