Herøy kommune om koronatilfelle med ukjent smitteopphav:

- Aktiv Trening i Fosnavåg mogleg stad for smitte

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Herøy kommune melder fredag morgon av vidare smittesporing av tilfellet av covid-19 meldt i går kveld viser at mogleg stad for smitte av denne personen kan vere Aktiv Trening Fosnavåg i perioden 09.- 13.08.


Uroa etter smitte frå ukjend kjelde

Kommuneoverlegen i Herøy meiner det er urovekkjande etter at det er avdekt eit smittetilfelle i Herøy med ukjend smitteveg.


Det er så langt ikkje meldt fleire tilfelle som kan førast attende til treningssenteret. Personen som er smitta var ikkje smitteførande på dei tidspunkt vedkomande oppsøkte treningssenteret, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

– Eg vil oppmode alle som trenar ved treningssenteret å følgje dei retningslinjer som gjeld der, både ved at ein held seg unna om ein har sjølv svake symptom, at ein syter for godt reinhald før og etter bruk av treningsapparat slik retningslinjene for senteret tilseier, og at ein har låg terskel for å ta ein test. Aktiv Trening har gode rutinar for sitt førebyggande smittevern. Dei oppmodar på nytt alle sine besøkande å følgje dei retningslinjer som gjeld for senteret. Dei har samarbeidd godt i denne saka, opplyser kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.