10 i isolasjon - 14 i karantene

Tre personar vart laurdag og søndag sette i smittekarantene etter påvist Covid-19-tilfelle i ein annan kommune.

Korona , Covid-19 

Nyhende

Per 15. august er dermed ti personar i Herøy i isolasjon og 14 personar i smittekarantene.

Det opplyser Herøy kommune i ei pressemelding.

- Det vert gjennomført regelmessig testing av personar i karantene for å avdekke smitte så tidleg som råd er, seier kommuneoverlegen.


Tre positive testar i Herøy

Tre personar i same familie har i dag fått positive testar for covid-19 laurdag.