Herøy Mållag med gratis kulturtilbod for ungdom:

Kulturverkstad på Herøy gard

– Kulturverkstaden skal vere ein møteplass for ungdom som har, eller ønskjer å få, glede av litteratur.

Herøy gard: Her skal Herøy arrangere Nynorsk Kulturverkstad for ungdom, hausten 2021. Arkivfoto 

Nyhende

Det seier leiar i Herøy Mållag, Monika Haanes Waage, i ei pressemelding til Vestlandsnytt.

Alle som går i 8., 9. og 10. klasse er velkomne til å melde seg på.

Inspirerer til kreativitet

På kulturverkstaden blir det både skrivekurs og skrivekveldar, der ein lærer seg smarte metodar og triks for å skrive ein god tekst. Ein får jobbe med både poesi, forteljingar og noveller, i tillegg til visuell kunst og låtskriving.

– Vi får besøk av forfattarar, ein forteljar og andre kunstnarar som vil dele kunnskapen sin med oss, fortel Haanes Waagan.

Mållaget ønskjer å leggje til rette for at ungdom skal kjenne meistring og utvikling gjennom å dele gode litteraturopplevingar knytte til lesing, skriving, lytting og formidling. Dei tek sikte på å møtast annankvar onsdagskveld gjennom heile hausten, og det vert også nokre helgesamlingar. Avslutninga av kulturverkstaden vert på det tradisjonsrike arrangementet «Jul på Herøy gard», 5. desember.

Har fylket i ryggen

Herøy Mållag har fått støtte til å arrangere Nynorsk Kulturverkstad frå både Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturtanken.

– Vi er svært glade for støtta vi har fått. Det betyr mellom anna at kulturverkstaden er gratis for alle deltakarane, seier Waagan, som også set pris på samarbeidet med Herøy gard.

Haanes Waage seier at eit av Herøy Mållag sine viktigaste føremål er å styrkje grunnlaget for den folkelege by- og bygdekulturen i kommunen, i tillegg til at dei har som mål å samle målfolk til aktivt arbeid for det nynorske språket og å auke kunnskapen om nynorsk og dialektene våre. Det er også eit mål å skape engasjement og aktivitet for ungdomen.

– Vi har opna for påmelding via Herøy Mållag si Facebook-side, og det er allereie fleire som har meldt seg på, seier Waagan, og held fram:

– Dette lovar bra, og vi i mållaget gler oss til ein givande haust. Dersom nokon treng meir informasjon, kan dei gå inn på Facebook-sida vår, eller ta kontakt med oss i styret, avsluttar ho.