Herøy kommune:

Person som seinare testa positivt besøkte Sunnmørsbadet

Korona, covid-19 

Nyhende

Ein person som seinare testa positivt for Covid-19 i samband med utbrotet i Volda/Ørsta, besøkte Sunnmørsbadet søndag 25.07. mellom kl 1300 - 1600. Sunnmørsbadet informerer no alle gjestar som var der i dette tidsromet. For dei det gjeld er det viktig å vere merksame på symptom og ha låg terskel for å teste seg, opplyser kommuneoverlegen i ettermiddag. Tiltak utover dette er ikkje naudsynt å sette i verk no, skriv Herøy kommune fredag.