Fleire i karantene i Herøy og Sande:

Koronasmitte i Herøy - knytt til utbrot i Volda/Ørsta

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Ein person busett i Herøy har testa positivt på Covid-19, melder Herøy kommune torsdag ettermiddag. Dette tilfellet har direkte samanheng med det pågåande utbrotet i Volda/Ørsta.

6 personar i Herøy er sett i smittekarantene som følgje av dette, og det er og vert gjennomført testing av dei. Også personar i nabokommuner er sett i smittekarantene som følgje av dette tilfellet, noko som vert handtert i bustadkommunen til dei det gjeld.

I tillegg er ein person i Herøy sett i smittekarantene i dag som direkte følgje av utbrot i Volda/Ørsta. Torsdag er det registrert 61 nye smittetilfelle i Ørsta og Volda i 18.30 tida.

- Akkurat i dag er 3 personar i isolasjon og 19 personar i smittekarantene i Herøy, opplyser kommuneoverlegen torsdag ettermiddag.

Folk i ventekarantene i Sande

Også i Sande er nokre personar i ventekarantene som følgje av utbrotet i Volda og Ørsta, opplyser Sande kommune.

- 6 av våre innbyggjarar er no i ventekarantene. Dei skal testast i løpet av dagen i dag, og svar vil vere klart i løpet av helga, skriv dei torsdag.

Ingen er til no stadfesta smitta i Sande.

Kommuneoverlege Asta Sileikiene bed alle hugse på at vi fortsatt er i ein pandemi, og at det er viktig å følge dei nasjonale smittevernreglane- og råda. Ho oppmodar alle som får tilbod om vaksine om å takke ja.

- Ta test for at vi skal ha kontroll

Utbrotet i Ørsta/Volda blant ungdom viser at pandemien dessverre ikkje er over, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen. No oppmodar han alle om å teste seg ved det minste symptom for å kunne avdekke smitte.

Alt tyder på at smitten har fått spreidd seg blant unge tidleg i 20-åra. Dei smitta har vore på fleire festar og særleg My kitchen i Volda på laurdag kveld utpeikar seg. Her har truleg svært mange blitt smitta.

- Vi veit at mange ungdomar møtast på tvers av kommunegrensene, så eg vil oppmode alle unge som vaksne som har vore i kontakt med personar som er omfatta av utbrotet i Ørsta/Volda om å ta ein test. I tillegg bør du ta test om du kjenner på symptom, seier Aasen.

- Hugs også å halde avstand, god handhygiene og hald deg borte frå samlingar med vener om du sjølv berre har svake symptom.