Koronabekjemping med god støtte frå staten:

Over 70 mill. til Ytre Søre

42 mill. kroner i 2020, og 30 mill. kroner fyrste halvår i år, er staten sitt koronabidrag så langt til kommunane på Ytre Søre.

STØTTE: Til saman rundt 72 millionar kroner er kommunane på Ytre Søre tildelt i koronakompensasjon i 2020 og til og med fyrste halvår i 2021. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik 

Nyhende

Kommunane sin innsats i nedkjempinga av koronaviruset har vore formidabel, og staten har følgd opp med ulike kompensasjonsordningar og tiltakspakkar.