Havila Capella får jomfruturen sin i september

Fyrste rundtur mellom Bergen og Kirkenes med Havila Kystruten sin nye båt, "Havila Capella", er planlagt til 26. september, melder selskapet tysdag.

Først ut: Havila Capella er den første av kystrutene som blir klar.   Foto: Havila Kystruten

Nyhende

Konstituert direktør Arne Johan Dale skriv i ei pressemelding at det derimot framleis er usikkerheit knytt til endeleg tidspunkt for overtaking. Etter at selskapet har overtatt Havila Capella, går skipet til Noreg og det vil ta noko tid å få på plass nødvendige sertifikat før skipet går i gang med passasjertrafikk langs kysten. I tillegg skal Havila Capella gjerast klar for å kunne ønske velkommen om bord passasjerar til jomfruturen.