Fleire sommargjestar i år enn i fjor på Skotholmen

Besøkstala frå juli i fjor er allereie forbigått for KAMI Skotholmen, som opplever ein jamn og god gjestestraum så langt i sommar.

Magnus Bergseth: Kjøkensjefen på KAMI Skotholmen er nøgd med sommaren så langt. 

Nyhende

– I fjor var her innom kring 1100 gjestar i juli. Så langt har vi hatt over 1400 i juli i år, og det er før månaden er omme, forklarar kjøkensjefen ved den unike Herøy-restauranten, Magnus Bergseth, til Vestlandsnytt.