Innsendt:

Fekk minnestein 142 år etter sin død

VETERINÆR: Fleire pensjonerte veterinærar var med på avdukinga, mellom dei Leiv Aarflot frå Herøy.  Foto: Knut Arne Høyvik

Nyhende

Berent Eriksen Aakre (1817-1879), frå Erkegarden på Åkre, Bjørke i Hjørundfjorden var den fyrste som tok veterinæreksamenen sin i Noreg. Det var i 1848.

Han skreiv også den fyrste, norske handboka for veterinærar: «Forsøg til Norsk Dyrlægebog, letfattelig Anviisning til at lære at kjende, forebygge og helbrede de almindeligste Huusdyrsygdomme (1849).

Aakre var eit av desse flògvita frå bygdene våre som vart fanga opp og lyft fram til kunnskap og utdanning av prestar og biskopar. Han var ein samtidig av Ivar Aasen, og dei to kjende kvarandre godt.

Sist laurdag vart minnesteinen for han høgtideleg avduka av presidenten for Den norske Veterinærforening, Torill Moseng. Det er Ivar Mork frå Bjørke, no busett i Haddal- som realiserte planen som far hans hadde hatt lenge om ein slik minnestein.

Minnesteinen er reist på ein parsell av Erkegarden, som var Berent Eriksen Aakre (Dyrlækje-Bern) sin føde- og oppvekststad.

Fleire pensjonerte veterinærar var inviterte, av dei Leiv Aarflot frå Herøy. «Eg må innrømme at eg ikkje hadde høyrt om denne mannen før», seier Aarflot.

Lokalhistorikar Kjell Inge Bjørke gjekk grundig gjennom livet til Eriksen Aakre. Både ordførar i Volda Sølvi Dimmen og varaordførar i Ørsta Karen Høydal var til stades med blomsterhelsingar. «Når eg no kan meir om denne mannen kan eg slå fast at han var verkeleg ein pioner i faget», seier Leiv Aarflot.