Flaskepost frå sørlandsgut funnen i Herøy 22 år seinare

Niåringen Ole Johan sende flaskepost frå fjøresteinane utanfor Mandal for 22 år sidan. Nyleg kom posten fram, i Herøy!

Finnaren: Det er ikkje tilfeldig at nettopp Odd Arne Arnesen fann den relativt gamle flaskeposten. Han er nemleg stadig vekk ute og ryddar plast og anna søppel langs strendene i området vårt.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Odd Arne Arnesen var nyleg på båttur nordvest for Kvalsvika. Det var uvanleg roleg på sjøen, og han nytta høvet til å legge til ved ei vik han sjeldan vitjar. Vanlegvis er det nemleg så vêrhardt denne staden at det ikkje er råd å kome seg i land frå sjøen.