Eg blir diskriminert!

Fritt ord:   Foto: Bjørnar T. Sævik

Nyhende

At det skal flaggast for homofile, men ikkje for heterofili.

Eit tankekors også at heterofile skal kunne velje (kjemisk også) terapi for å bli skikkeleg forandra av kjønn, men så skal homofile ha forbod mot å endre seg. Dessutan skal det vere straffbart å støtte dei/hjelpe dei om dei bestemmer seg for det.

Til å bli homofile skal derimot barnehagar og skular vere forplikta til å medverke. Foreldre skal ikkje ha rett til å synest eller meine om det.

Eg veit at det blir ein dyrare prosess for homofile å få barn enn for heterofile. Mest sjanse kan det bli med ein slags babyhandel, der babyen i alle fall ikkje blir spurt.

Kva om alle som er av heterofilt opphav flaggar med tradisjonelt flagg, som mange av oss er svært glade i. Så kan dei som er i praksis av homofilt opphav flagge for det. (Men enno er få menneske klona).