Havila med aksjekjøp i Fjord1 for 447 millionar kroner

Havila og reiarfamilien Sævik aukar sin eigardel i Fjord1, og vil no kontrollere over 90 prosent av aksjene i selskapet.

Per Sævik: Her ser vi konsernsjefen i Havila Holding, fotografert på kontoret sitt i Fosnavåg.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik/Havila

Nyhende

Dagens Næringsliv melde onsdag kveld at Havilafjord AS, eit selskap eigd av Havila Holding, har inngått ein vilkårsbunden kjøpsavtale om å erverve i overkant av 4,7 millionar aksjar i Fjord1 til ein pris på 52 kroner per aksje. Det vert vist til ei børsmelding der det i tillegg vert opplyst at selskapet er i ein prosess med å kjøpe 3,85 millionar aksjar i selskapet frå Runde Holdco AS - også til ein pris på 52 kroner per aksje. Det utgjer ein samla kjøpesum på 447 millionar kroner.