Seks personar i smittekarantene i Herøy

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Seks personar i Herøy blei tysdag sett i smittekarantene i Herøy i samband med eit nyoppdaga tilfelle av covid-19 i Ulstein, opplyser kommuneoverlegen seint tydag kveld.

Det er viktig framleis å ha lav terskel for å teste seg, oppmodar kommuneoverlegen.

- Har du sjølv vage symptom som snue, hoste, magesmerter, endra smakssans, eventuelt feber, er det framleis viktig å halde avstand til andre og ta ein test snarast råd. Det er den måten vi kan klare å hindre større utbrot av smitten i lokalsamfunnet, oppmodar kommuneoverlegen til slutt.