Ikkje fleire moglegheiter for anke i omstridd hyttesak

Hytteeigaren i Grønhaugen har no ikkje fleire ankemulegheiter og må rive den ulovleg bygde delen av hytta.

dialog: Randi Urke er i samtalar med Herøy kommune rundt vedtaket som pålegg henne å rive delar av tilbygget på hytta i Grønhaugen. 

Nyhende

For andre gong har statsforvaltaren stadfesta kommunen sitt pålegg til hytteeigar Randi Urke. Dermed har hytteeigaren brukt opp ankemulegheitene sine og må rette opp den ulovlege delen av hytta innan 1. mars neste år.