Sommaraktiv Sande:

– Utruleg positivt tiltak

Nær 80 barn og unge har deltake på Sommaraktiv Sande dei siste to vekene. Tilbakemeldingane er strålande.

E-sport-camp: Her ser vi ei av gruppene som er med på Sande Sommaraktiv sin E-sport-camp i veke 26. Dei eldste i bildet er innleigde instruktørar som har E-sport-campen som sommarjobb.  Foto: Håkon Vestnes

Nyhende

– Ja, tilbodet har vore veldig, veldig kjekt og utruleg positivt for barna. Men vi trur også at foreldra er glade for det. Det er gjerne lenge til dei skal ha ferie, og eg trur dei set pris på at barna deira har aktivitetar å gå til når skuleferien tikkar inn.

Det seier rektor Susann Worren Hauge ved Sande kulturskule, som er ein av aktørane som er med å arrangere Sommaraktiv Sande.

Tilbodet, som er retta mot barn og unge frå 4. til 10. klasse, er blitt til ved hjelp av statlege midlar og godt samarbeid. Med på laget er både sande E-sport og fotballgruppa til Larsnes IL.

13 på musikalteater

Førre veke troppa Herman Brune Leikanger, som er nyutdanna ved Borgar-akademiet, opp på Landsbyhuset Breidablik. Der vart han møtt av 13 5.- 8.-klassingar som var spenna klare for å delta på workshop i musikalteater.

– Elevane fekk utfordra både komfortsona, fantasien og lattermusklane. Dei var spesielt glade i det Herman kallar for «improteater». Men dei har også dansa litt og hatt forskjellige leikar, fortel Worren Hauge.

Brune Leikanger sitt mål har våre å styrke elevane sin kreativitet, fantasi og evna til å visualisere og formidle.

work­shop: Dei som del­tok på Mu­si­kal­te­a­ter-work­sho­pen med Herman Bru­ne Leik­an­ger fekk ut­ford­ra både kom­fort­so­na, fan­ta­s­ien og lat­ter­musk­la­ne.  Foto: Su­sann Wor­ren Hauge

  Foto: Susann Worren Hauge

  Foto: Susann Worren Hauge

  Foto: Susann Vorren Hauge

Populært med sport og friluft

Denne veka har fotballgruppa til Larsnes IL sett sine 25 deltakarar (4. til 7. klasse) i sving med alt frå ballsportar som fotball, volleyball og kanonball til orientering i skogen.

Fotball: Det har vore no­kre vel­dig ak­ti­ve, gode da­gar for den­ne gjen­gen. (Ik­kje alle var til stades då bil­det vart teke).  Foto: Hei­di Tor­set Sko­ge

– Du har dei som elskar fotball, og det er også hovudaktiviteten vår. Men mange har spurd om å få spele volleyball igjen, og så var det mange som syntest det var gøy med orientering, fortel Heidi Torset Skoge i Larsnes IL.

Fotball  Foto: Heidi Skoge

Ori­en­te­ring.  Foto: Hei­di Sko­ge

Orientering med fotballgruppa til Larsnes IL  Foto: Heidi Torset Skoge

Fire unge instruktørar, som enten er elevar ved – eller skal byrje på – idrettslinja, er leigde inn som instruktørar.

– Alle har fotballtrenarkurs og dommarkurs, og dei er veldig flinke, seier Skoge.

Inst­ruk­tø­ra­ne: An­dre­as Sko­ge, Isaac F. Sand­an­ger, Ing­rid H. Ner­land og Ida M. K. Rekdal.  Foto: Hei­di Tor­set Sko­ge

Fredag avsluttar dei med minifotballturnering og grilling.

Idrettslaget har servert matpakke og frukt til barna kvar dag.

E-sport i fire veker

E-sport-campen, som går over tre veker, har i skrivande stund 40 påmelde deltakarar.

– Veke 27 er no tilnærma fullbooka, men der er framleis litt ledig plass i veke 28. Så er du mellom 3. klassing og 18 år, og har lyst å lære meir om Minecraft eller Fortnite, så er det berre å ta kontakt, seier Håkon Vestnes.

På E-sport-camp: Linnea Vattøy Gulbrandsen (9)  Foto: Håkon Vestnes

Deltakarane vert fylgde opp av ein triveleg gjeng ungdomar, profesjonelle instruktørar frå Volda E-Sport og Metizport, som har campen som sommarjobb.

Sommaraktiv Sande: E-sport-camp  Foto: Håkon Vestnes

– Så langt har det vore strålande tilbakemeldingar både frå deltakarar og instruktørane. Dette er kjekt, seier Vestnes fornøgd.


Sommarskule i Sande

Det var ei stund uvisst om også Sande skulle tilby sommarskule. Men det vert det – og med eit aktivt opplegg!



Sommarcampen i Herøy:

– Høgdepunktet var RIB

Fleire av ungdommane på Sommarcampen i Herøy er positivt overraska over kor gøy dei har hatt det dei siste to vekene.



– Det er flott å vere med på noko som dette

Sommarferien har nettopp teke til. For elleve 9.- og 10.-klassingar står padling på menyen i dag. Vi møter dei utanfor naustet til Herøy kajakklubb på Jensholmen.