Mobiliserte på rekordtid:

Skuletoalettet blir offentleg

«Jippi!!! Vi fekk til toalett i Kvalsvika – på rekordtid – og vi fekk det til i lag!».

Offentleg toa­lett: Den nedlagde skulen i Kval­svi­ka kjem til nyt­te i sommar. Toa­let­ta på ned­si­da av byg­get vert nemleg opna for offentlegheita.   Foto: Hav­lan­det AS

Nyhende

Denne overskrifta, med feite, store bokstavar, står å lese øvst i ein e-post som reiselivsutviklar Hilde Gråberg Bakke i Havlandet AS nyleg sende ut til nokre utvalde personar. På mottakarlista finn vi Henning Karlsen i SpareBank1 Søre Sunnmøre, kommunedirektør i Herøy, Trond Arne Aglen, eigedomsleiar Robert Myklebust og Kjetil Bjørneset i Kvalsvik Grendalag.