Full fart i heile sommar ved Havyard Leirvik:

Leverte to skip på to dagar

Havyard Leirvik leverte to skip på to dagar sist veke, begge innafor avtalt tid.

OVERLEVERING: Flaggseremoni ved overlevering av Esvagt Alba. Alba-kaptein Jesper Fredriksen t.v. og prosessleiar Geir Helge Nordstrand ved Havyard Leirvik.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Koronasituasjonen med store logistikkutfordringar har ikkje hindra Havyard Leirvik å levere nybygg til avtalt tid. Både for brønnbåten til Frøy, og vindmølleskipet til Esvagt, greidde verftet å halde fristane og begge blei leverte i løpet av to dagar.