Ventar at korona-sertifikat gir auka turisme

Når Noreg blir del av EUs løysing for koronasertifikat torsdag, kjem det truleg fleire utlendingar til Noreg, trur helseminister Bent Høie (H).

Covid-19: Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) under pressekonferanse om koronasituasjonen.  Foto: Berit Roald / NTB

Nyhende

Fullvaksinerte og tidlegare koronasjuke med eit gyldig koronasertifikat kan entre Noreg utan karantene, testkrav og innreiseregistrering.