Ambulant seksjon i Myrvåg

Fire ytre-ordførarar "uroa over planane" til helseføretaket

Dei fire ordførarane på øy-delen av Søre Sunnmøre kjem med ei felles fråsegn etter at det vart kjent at helseføretaket vurderer å avvikle ambulant seksjon i Myrvåg.

Fire kommunar kjempar om tilbod: Brandal, Engh, Prytz og Myklebust har kome på bana med eit felles utspel til helseføretaket når det gjeld sistnemnde sine overraskande planar som kan ende med kroken på døra for denne avdelinga i Myrvåg.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

- Ordførarane på ytre søre Sunnmøre vil uttrykke stor uro over planane om å flytte ambulant team frå Myrvåg til Volda, skriv Bernt Brandal (Hareid), Knut Erik Engh (Ulstein), Bjørn Prytz (Herøy) og Olav Myklebust (Sande) i eit fellesbrev dei har sendt til heldeføretaket.