– Meir vanskeleg for mange familiar under pandemien

Leiaren for Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid meiner pandemien har forsterka vanskar og utfordringar for mange familiar.

Barnevernsleiaren: Aina Øyehaug Opsvik orienterte kommunestyret i Sande om stoda i det interkommunale barnevernet Sande vart ein del av 1. januar 2020.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Folk som har det vanskeleg, har fått det meir vanskeleg under pandemien. Det har ulike årsaker, men det kan ha blitt større utfordringar med rus, og mange har også blitt permitterte i denne perioden, sa Aina Øyehaug Opsvik.