Vil kjøpe aksjar i Runde Forsking AS

Sande formannskap har samrøystes og utan diskusjon gått inn for kommunedirektøren si tilråding om å kjøpe aksjar i Runde Forsking AS.

Runde miljøsenter  Foto: arkiv

Nyhende

Sande vil kjøpe aksjar for 100.000 kroner i det nye FOU-selskapet som vil representere eit nytt forskingsmiljø i regionen vår. Ordførar Olav Myklebust (Sp) meinte det vert bra og spennande med slike arbeidsplassar i nærleiken.