Brot på personvernet på Søre Sunnmøre

Onsdag denne veka oppstod det eit brot på personverntryggleiken for enkelte tilsette i kommunane på ytre søre Sunnmøre

ALVOR: – Vi tek personvernet på alvor, slår kommunedirektør Trond Arne Aglen fast.  Foto: Bjørnar T. Sævik

Nyhende

Hendinga førte til at tilsette som logga på web-e-post nokonlunde samstundes (innanfor 10 min) kunne oppleve at dei fekk opp e-posten til ein annan brukar, skriv Herøy kommune i ei pressemelding.