Klarsignal for Midtsommarmarknad – utstillarar kan melde seg

Sommar i Fosnavåg: Dei komande vekene vil ein gjennom handel i Fosnavåg, både i butikkar og i frisørsalongar, få tildelt stempelkort og stempel. Klarer ein å samle nok stempel, er ein med i trekninga av 5000 kroner. Denne gjengen gleder seg til å ta imot handlande og tilreisande. Dei gler seg også til å invitere til marknad 17-19 juni.   Foto: Bjørnar T. Sævik

Nyhende

Kommuneoverlegen i Herøy har gitt klarsignal for handelsforeininga i Fosnavåg sine planar om «Midtsommarmarknad» 17–19. juni. Det gjer at det no blir opna for at bedrifter, lag og organisasjonar kan melde seg som utstillarar under arrangementet. I fjor sommar samla arrangementet over 30 stands, noko dei i år ønskjer å toppe.