– Rett og slett rørande

Kulturskulerektor Susann Worren Hauge synest det var utruleg kjekt å endeleg få sjå kulturskuleelevane i Sande gjennomføre konsertarrangement igjen.

Krunekvervelen: Elias Kleppe, Ronnie Sætre, Anders H. Rekdal utgjer Krune (korona) kvervelen. Ingen kan arrestere denne trioen for brot på smittevern i alle fall. Foto: Bertil E. Tødenes 

Det gjer noko med motivasjonen.

Susann Worren Hauge
Nyhende

– Det er rett og slett rørande. Elevane var så spente og klar for å stå på scena igjen, og det vart veldig bra.

Det seier Worren Hauge om dei to konsertane kulturskulen arrangerte på landsbyhuset Breidablik førre veke. Det var dei fyrste, større arrangementa som kulturskuleelevane har fått gjennomføre sidan landet stengde ned i fjor. Det merkast godt på energinivået som blei levert frå scena, meiner kulturskulerektoren.

Godt Samspel: Her er ei av fleire samspelgrupper som spelte: Gitar: Elias Kleppe, vokal: Alfred T. Longva, fiolin: Edvard og William B. Leikanger, tromme: Ronnie Sætre og Anders H. Rekdal  Foto: Bertil E.Todenes

– Vi ser kor viktig det er å ha konsertar – ei målsetting å jobbe fram mot. Det gjer noko med motivasjonen. Det har ikkje vore like lett no under koronaåret, så vi er glade for å endeleg vere tilbake, seier Susann nøgd.

Under konserten fekk innbodne gjestar, to per elev, oppleve innslag på både tromme, fiolin, messing, vokal, gitar og piano. For nokre var det første gang ein stod på ei stor scene, for andre, meir vidarekomne elevar var det eit gledeleg gjensyn med publikum.

Justus B. Gjerde spelte songen «Oh when The Saints». Her ser vi han på scena saman med lærar Knut Vegar Prytz.  Foto: Bertil E.Todenes

Messinggruppe: Her ser vi samspelgruppa for messing. F.v.: Leah Hauge, Thea H. Leikanger, Martyna Giza, Thea Løvøy, Emma V. Prozenko, Lina Tvervåg, Tiril Gjengedal, Trine Vestnes, Magnus H. Rekdal, Amund Vestnes. Dir. Katrine M. Hauge  Foto: Bertil E.Todenes

Elgitar: Her ser vi Noah Sandvik spele elgitar. I bakgrunnen ser vi Elias Kleppe på trommer.  Foto: Bertil E.Todenes

Samspelet er godt

Noko kulturskulerektoren trekkjer fram frå konsertopplevinga, ei sak som gleda ho ekstra mykje, var samspelet på tvers av forskjellige kulturtilbod i skulen. Sjølv om fleire elevar framførte solonummer, var der også fleire gruppe-innslag, på tvers av instrument.

– Her synest eg vi er veldig flinke i Sande. Dette med samspel er noko vi fokuserer mykje på. Det handlar om å kome i lag med andre som driv med det same som deg, og ikkje minst å lære noko om eige instrument eller uttrykksform i ein større heilskap, forklarar Susann Worren Hauge.

Slagverk: Ronnie Sætre briljerer med trommestikkene.  Foto: Bertil E.Todenes

Kornett: Her ser vi Leah Hauge spele kornett saman med lærar Jette H. Holstad.  Foto: Bertil E.Todenes

– Flinke i Sande: Kulturskulerektor Susann Worren Hauge meiner Sande er flinke på samspel. Her ser vi lærar: Andrine K. Longva, fiolin: Trine Vestnes, tromme: Anders H. Rekdal og Ronnie Sætre.  Foto: Bertil E.Todenes

Helsing frå Helga Pedersen

Under konsertane fekk elevane og publikum elles ei hyggeleg helsing frå Norsk kulturskuleråd, ved leiar Helga Pedersen. I eit videoinnslag som vart spelt av under arrangementa sa Pedersen at ho håper at elevane kjem tilbake til eit nytt skuleår til hausten.

– Det gir dykk så utruleg mykje av fellesskap og læring. For oss som samfunn er det fantastisk at barn og unge har denne moglegheita, uansett kva de skal gjere i framtida, sa ho.