Herøy-skulane scorar bra på fleire plan, men treng meir ressursar for å hjelpe dei som slit:

Vil ha meir tverrfagleg kompetanse i skulen

Tilstandsrapporten for herøyskulen skapte mykje diskusjon i kommunestyret torsdag. Sentralt for fleire stod eit tydleg ønskje om styrka arbeid og tidlegare innsats inn mot stadig fleire barn og unge som slit psykisk.

Kaja Runde: Folkelista-politikaren kom med to hjartesukk under kommunestyret. Det eine gjekk på ønsket om styrka norskopplæring for språkminoritetar. Det andre gjekk på eit behovet for å styrke skulesektoren lokalt med endå betre ressursar for å fange opp barn og unge som slit. 

Nyhende

Torsdag handsama Herøy kommunestyre tilstandsrapporten for grunnskulen i Herøy. Den konkluderer, mellom anna, med at skulane i kommunen arbeider systematisk og godt på mange ulike område, og at skuleleiinga forventar positiv utvikling over tid. Særleg når det kjem til lesing, har Herøy ei tydleg og god satsing.