Støttekontakt-utfordring i Herøy

Helse og omsorg i Herøy opplever utfordringar knytt til å rekruttere og behalde støttekontaktar. Den restriktive praksisen knytt til godtgjering av køyreutgifter, vert lyfta fram som ein av faktorane politikarane må svare ut.

Linn Therese Sævik: Mellom dei som engasjerer seg i støttekontakt-ordninga, men som strekar under at det viktigaste er tillit.  Foto: Arkiv / Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

I seinare tid har fleire støttekontaktar i Herøy sagt frå seg oppdrag, eller takka nei til oppdrag, med bakgrunn i at utgiftene knytt til transport fell på dei. Det er vanskeleg å krevje brukarane personleg om det vert køyring utover det kommunen godtgjer. Praksis for dekking av kilometergodtgjersle elles i «Sjustjerna» er ulik. Hareid tilbyr til dømes godtgjersle inntil 200 kr/md. Sande har inga maksgrense, medan Volda tilbyr mellom 60–80 kr/md. I Herøy har praksisen til no vore at støttekontaktar får kompensert for køyring frå heim til brukar, til næraste sentrum, ein gong per månad.