Har gått tom for alternativ

Herøy kommune søkjer om å få utsett frist til 2. kvartal 2023 med å starte opp med utdjuping av Fosnavåg hamn.

HEILT TOM: Trass i 13 ulike alternativ har kommunen gått tom for areal som er regulert til deponering av mudringsmassane frå Fosnavåg hamn.  Foto: Arkiv / Endre Vorren

Nyhende

Den politiske usemja rundt plassering av deponi har gjort at kommunen har kome skeivt ut i forhold til forskotteringsavtalen med Kystverket. 18 gonger har saka vore politisk behandla, og striden har i stor grad dreia seg om retningsval for deponi.