Samrøystes i Sande kommunestyre, men:

– Ikkje gjort ein god nok jobb i legevaktsaka

Sande kommunestyre kom med fleire hjartesukk, men gjekk til slutt samla inn for kvelds- og helgelegevakt i Hovdebygda frå 1. juni.

Sande kom­mu­ne­sty­re: Her frå tys­da­gens møte på Brei­da­blik. Saka om le­ge­vakt­sa­mar­beid vart ik­kje over­ras­kan­de den som tok mest tid, i det som var eit heller kort kom­mu­ne­sty­re­mø­te. Kom­mu­ne­sty­ret gjekk til slutt samla inn for å sig­ne­re le­ge­vakt­av­ta­len.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

No blir det litt som ei kvasiløysing, der noko skal dit og andre ting skal dit.

Inge-Jonny Hide
Nyhende

Den svært omdiskuterte saka treng ingen nærare introduksjon for våre lesarar. Etter mislykka forhandlingar med Ulstein og Hareid om felles legevaktteneste i Ulsteinvik, vart Hovdebygda etter kvart omtala som det einaste alternativet av kommunedirektørane i Herøy og Sande. Først gjekk Herøy kommunestyre inn for samlokaliseringa, og no har Sande-politikarane valt å følgje etter.